Bakgrunn for prosjektet er at Hordaland fylkeskommune har hatt samarbeid med Kaunas i Litauen sidan 1991/92. I tillegg til Kaunas er fem omkringliggande kommunar med i prosjektet som er godkjent som eit EØS-prosjekt.
Samarbeid
Hordaland fylkeskommune ved regionalavdelinga er ein av hovudsamarbeidspartnarane. Målet er å auke administrativ kompetanse, utveksle erfaringar og gode modellar og gi innblikk i kommunal administrasjon, prosessar og tenester i Noreg.
Delegasjonen frå Litauen er samansett av både politikarar og byråkratar. Dei har vore to dagar i Hordaland. Her har dei fått innføring i strategisk planlegging, anti-korrupsjonsarbeid og samarbeid mellom fylke og kommune.
I Kvam og Fjell
Delegasjonen har og vore på vitjing i Kvam og Fjell og fått innblikk i kommunal planleg-ging, kommunesamarbeid, folkehelsearbeid, tenester og organisering av helse- og omsorgssektoren. Prosjektet ser og framover og ønskjer å få i gang dialog kommune til kommune mellom Noreg og Litauen innafor ulike fagområde.
I tillegg til vitjinga i Hordaland, har delegasjonen vore i Sogndal og Oslo. Til hausten skal deltakarane frå Hordaland delta på ein konferanse i Kaunas.
Fredag 17. juni var delegasjonen i Kvam.
International Newsletter 01/16